PPR
Om avdelinga
Vi søkjer logoped/PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 01.01.2027. Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) er ei samla fagavdeling innan oppvekstområdet. PPR omfattar mellom anna PP-tenesta, fagavdeling for barnehage og skule, logopedtenester, spesialpedagogiske tenester i barnehage og oppgåver knytte til barnehagemynde.
Stillinga er plassert i PP-tenesta og vil ha ei sentral rolle i arbeidet med logopedisk rettleiing og oppfølging i barnehage og skule, samtalar med barn og unge og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytte den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar.
Satsingsområda våre er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg innsats og pedagogisk-psykologisk utviklingsarbeid. BTI, Språkkommune, Trygt og godt og inkluderande læringsmiljø er sentrale satsingsområde.
Kontorarbeidsplassen er for tida sentralt plassert i Straumeområdet, men vert flytta til Skogsvåg våren 2027. Tilsette i PPR arbeider ute i einingar over heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Logopedisk rettleiing og rådgiving til føresette, barnehagar og skular
- Logopedisk oppfølging av barn i barnehagealder og elevar i grunnskulen
- Utgreiing av språk- og talevanskar
- Rapportskriving og deltaking i tilbakemeldingsmøte
- Utarbeiding av sakkunnige vurderingar
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar og deltaking i ulike team
- Kontaktansvar for einingar
- Bidra til kompetanseutvikling og fagleg rettleiing i barnehage og skule
Kvalifikasjonar
Må-krav
- Mastergrad i logopedi eller tilsvarande logopedutdanning
- Erfaring i logopedisk utgreiing og oppfylging av barn og unge
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Evne til å nytte nynorsk som administrasjonsspråk
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Bakgrunn som grunnskulelærar eller barnehagelærar
- Erfaring frå PP-teneste eller spesialpedagogisk arbeid
- Erfaring med rettleiing av føresette og fagpersonar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har gode samarbeids- og relasjonsferdigheiter
- Arbeider fleksibelt, målretta og løysingsorientert
- Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Er strukturert og kan handtere fleire oppgåver samstundes
- Har interesse for tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Anna
- Søkjar må kunne nytte eigen bil i tenesta
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og samarbeid med erfarne fagpersonar
Kontaktperson
Merete Nygård Ingebrigtsen
Einingsleiar
Merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her