Gangstø ressurssenter
Om avdelinga
Vi søkjer lærar i 100 % fast stilling med snarleg oppstart.
Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling.
Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev.
Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser. Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utanfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune.
Arbeidsoppgåver:
- Planleggje, gjennomføre og evaluere tilpassa undervisning for elevar på ungdomssteget
- Følgje opp elevar i læringssituasjonar, miljøarbeid og praktiske aktivitetar
- Ha kontaktlæraransvar
- Samarbeide tett med føresette og det tverrfaglege laget rundt eleven
- Delta aktivt i skulens profesjons- og utviklingsarbeid
- Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Utføre praktiske oppgåver, mellom anna transport av elevar
- På sikt bidra med rettleiing og støtte til skulane i Øygarden kommune
Kvalifikasjonar
Må ha
- Godkjent undervisningskompetanse for 8.-10. trinn
Ønskjeleg med
- Spesialpedagogisk kompetanse
- Rettleiingskompetanse
- Erfaring frå arbeid med elevar som har samansette behov
- Erfaring frå relasjonsarbeid og tilpassa opplæring
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har gode samarbeids- og relasjonsferdigheiter
- Er trygg, tydeleg og omsorgsfull i møte med ungdom
- Arbeider fleksibelt, målretta og løysingsorientert
- Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Er strukturert og kan handtere fleire oppgåver samtidig
- Har interesse for tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Anna
- Krav om førarkort klasse B
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
- Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Gunhild Fjell: 984 04 922
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no
Merete Ingebrigtsen
merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her