Tednebakkane omsorgssenter
Om Tednebakkane Omsorgssenter
Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ei somatisk avdeling, ei demensavdeling og ei skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har også eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Vi har god fagdekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og helsefagarbeidarar. Vi har også vårt eige kjøkken og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar. Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja.
Arbeidsoppgåver:
- Sjå og ivareta den einskilde bebuar sitt hjelpebehov
- Fremje aktivitet og det sosiale i avdelinga.
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Primærkontakt
- Medisinansvar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Søkere med lang erfaring som pleiemedhjelper kan verta vurdert til stillinga
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team
- Godt humør, open, ærleg og lojal.
- Glad i å jobbe med mennesker og engasjement for eldreomsorgen
- Personlege eigenskaper vil verta vektlagd
Anna:
Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar Kjersti H Dagestad tlf 45736293 e-post kjersti.dagstad@øygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her