Straume bu og servicesenter

Stilling
Helsefagarbeidar 70% vikariat natt
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
17. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om oss:

Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.

Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, eit bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Vi har ledig 70% vikariat for helsefagarbeidar på natt. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som samen har ansvar for 51 bebuarar på senteret. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld 1 år.

Arbeidsoppgåver:

  • Utøva god fagleg omsorg til våre bebuarar
  • Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
  • Ivareta bebuars individuelle behov
  • Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Rettleiing av lærlingar og andre nytilsette
  • Du bidrar med fagleg autoritet og varme.

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Gyldig politiattest

Ønskjeleg med:

Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid i eldreomsorga.

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert.
  • Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
  • Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
  • Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
  • Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørande
  • Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagt

Anna:

  • Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

Kontakt:

Avdelingsleiar Heidi R. Endal tlf: 919 11 187

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter