Helse, meistring og rehabilitering

Stilling
Ergoterapeut 100% fast
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. des.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, dei fleste er ergoterapeutar eller fysioterapeutar

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

Vi søkjer etter ergoterapeut som er engasjert i arbeid knytt til barn og unge. Stillinga ledig frå 01.mars 2027.  Denne stillinga har fokus på arbeid med barn og unge i heim og i barnehage og skule. Kontorplassering er på Straume terapisenter. 

Arbeidsoppgåver:

Arbeid med barn og unge i heimen, i barnehage og på skule:

  • Kartlegging og vurdering av funksjonsnivå og omgjevnader
  • Tilrettelegging av omgjevnader
  • Trening på ADL-funksjon og handfunksjon
  • Hjelpemiddelformidling og bustadtilrettelegging
  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av treningsgrupper, i periodar av året
  • Tverrfagleg samarbeid i ansvarsgrupper
  • Barnekoordinator

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Bachelor i ergoterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring med hjelpemiddelformidling
  • Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta med barn og unge 

Ønskjeleg med:

  • Aktuelle kurs i hjelpemiddelformidling frå nav hjelpemiddelsentral
  • Gode datakunnskapar
  • Kompetanse på møteleiing

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig vert særleg vektlagt
  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Rask til å setje seg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert

Anna:

Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle.

Dei formelle krava til utdanning må dokumenterast med vitnemål. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:

Kontakt: 

Avdelingsleiar: Silje Merkesvik 915 50 025

Silje.merkesvik@oygarden.kommune.no

Einingsleiar: Liv Møen 55 09 68 55/ 975 40 530

liv.moen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter