Brattholmen skule

Stilling
Avdelingsleiar i 100% vikariat
Lokasjon
Brattholmen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
24. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om avdelinga

Brattholmen skule ligg i nærleiken av Straume regionsenter i Øygarden kommune. Brattholmen skule er ein nynorskskule. Skulen har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skulen har om lag 350 elevar, fordelte på 15 klassar frå 1.–7. trinn. Vi har om lag 60 tilsette.

Vil du vera med og leia ein inkluderande skule med ambisjonar om å skapa god og solid læring for framtida?

Visjonen til Brattholmen skule er «Saman skapar vi framtida».

Arbeidsoppgåver

  • Vera ein del av leiarteamet ved skulen
  • Leia pedagogisk utviklingsarbeid
  • Personalansvar
  • Samarbeid mellom skule og heim
  • Minst 30 % undervisning
  • Samarbeid etter BTI-modellen til kommunen
  • Vikaransvar
  • Rettleiing
  • Oppfølging i skulemiljøsaker

Kvalifikasjonar

Må ha:

  • Godkjend lærarutdanning
  • Erfaring frå arbeid i grunnskulen
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • God digital kompetanse

Ønskjeleg med:

  • Leiarerfaring frå grunnskulen
  • Erfaring frå arbeid med Vigilo
  • Erfaring frå IOP, ITO og system knytt til individuell tilrettelegging.

Eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta, rettleia, motivera, inspirera og setja grenser
  • God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine
  • Systematisk, strukturert og målretta
  • God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes
  • Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team
  • Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert
  • Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Ingunn Kjelby, 91702659

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter