Straume arbeids- og opplæringssenter (SAAS) og Straumehagen omsorgsbase

Stilling
Avdelingsleiar 100% fast
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med å utvikle framtidsretta tenester til menneske med nedsett funksjonsevne? 

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til Straumehagen omsorgsbase og Straume Arbeids og aktivitetssenter Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å gjere ein forskjell kvar dag – både for tenestemottakarar og medarbeidarar. 

Kven er vi?

Tenester til menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) består av 10 bufellesskap og omsorgsbustader med personalbase og 3 arbeids- og aktivitetssenter. 

Ved Straumehagen omsorgsbase gir vi tenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i omsorgsbustader, kommunale bustader og eigne bustader. Tenestene blir i hovudsak ytt gjennom eit ambulant team som følgjer opp den enkelte der dei bur, med mål om å fremje meistring, sjølvstende og deltaking i kvardagslivet. 
Avdelinga har i dag om lag  ni årsverk, men er i vekst, og både tenestetilbod og bemanning er venta å auke i åra som kjem. 

Straume arbeids og aktivitetssenter har om lag åtte årsverk, i tillegg til følgjepersonell frå bufellesskapa i kommunen. Vi har omlag 30 tenestemottakarar som får dagtilbod frå SAAS.  

Avdelingane har tilsette med variert fagbakgrunn, mellom anna sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. 

Arbeidsplassen ligg sentralt på Straume, med kort veg til offentleg transport og kommunedelsenter. 

Som avdelingsleiar blir du del av einingsleiar si leiargruppe. Du får ansvar for fag, personal og dagleg drift av avdelinga, og vil ha tilgang til støttefunksjonar innan HR, økonomi og løn. Stillinga har fleksitidsordning og 37,5 timars arbeidsveke inkludert betalt lunsj. 

Kven er du?

Vi ser etter deg som:

  • Leie og vidareutvikle tenesta fagleg og organisatorisk 
  • Personalansvar og oppfølging av medarbeidarar 
  • Sikre kvalitet, internkontroll og forsvarlege tenester 
  • Oppfølging av helse- og omsorgstjenestelova kapittel 9 
  • Turnusplanlegging og ressursstyring 
  • HMS-, avviks- og forbetringsarbeid 
  • Medansvar for økonomi og budsjettoppfølging 
  • Rekruttering og kulturbygging 
  • Samarbeid med tenestemottakarar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Bidra i den daglege drifta ved behov og vere tett på tenestene og medarbeidarane 

Arbeidsoppgåver

  • Ha overordna ansvar for den daglege drifta, inkludert fag- og personalansvar.
  • Følgja opp krav i kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova.
  • Leia, rettleia og følgja opp medarbeidarane.
  • Setja i verk og følgja opp faglege tiltak og vedtak.
  • Leia, utvikla og kvalitetssikra det faglege arbeidet.
  • Leggja til rette for godt samarbeid med tilsette, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
  • Ha ansvar for HMS, avvikshandtering og internkontroll.
  • Driva kontinuerleg forbetringsarbeid.
  • Ha ansvar for turnusplanlegging.
  • Ha ansvar for økonomi og budsjett.
  • Ha ansvar for legemiddelhandtering.
  • Delta i rekruttering og kulturbygging.
  • Utføra andre oppgåver etter delegering frå einingsleiaren.

Kvalifikasjonar

Krav: 

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar 
  • God kunnskap om relevant lovverk, særleg helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, pasient- og brukarrettslova, arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Gode digitale ferdigheiter 

Ønskjeleg: 

  • Leiarerfaring frå helse- og omsorgstenester 
  • Vidareutdanning innan leiing 
  • Erfaring frå ambulante tenester, bufellesskap eller tenester i eigen bustad 
  • Erfaring med turnusplanlegging og endringsarbeid 
  • Erfaring med økonomi- og budsjettoppfølging 

Personlege eigenskapar 

Vi ser etter deg som: 

  • er ein trygg og tydeleg leiar 
  • motiverer, engasjerer og utviklar medarbeidarar 
  • er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig 
  • kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar 
  • trivst med operativ leiing og er tett på tenestene 
  • har evne til å prioritere, gjennomføre og skape resultat 

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. 

Personlege eigenskapar

For å lukkast i stillinga meiner vi at du:

  • tek initiativ og får ting til å skje
  • har høg arbeidskapasitet og tek ansvar for resultat
  • er god til å utvikla og motivera andre gjennom tydeleg leiing
  • fremjar fagleg og personleg utvikling
  • handterer uventa situasjonar på ein roleg og fleksibel måte
  • kommuniserer tydeleg og gir konstruktive tilbakemeldingar
  • arbeider systematisk og prioriterer godt
  • bidreg til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • har god gjennomføringsevne
  • byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med andre
  • er løysingsorientert og handlekraftig

Vi tilbyr 

  • Ei spennande og meiningsful
  • Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fleksitidsordning 
  • Moglegheit til å vere med og utvikle ein teneste i vekst 

Kontaktinformasjon

Kristin Straume
einingsleiar MMNF
Tlf. 997 99 526

Elin Kleppe Alfstad
assisterande einingsleiar MMNF
Tlf. 477 97 112

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Kristin Straume
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter