Bjorøy skule
Om avdelinga:
Bjorøy er ei flott øy som ligg utanfor Håkonshella, som ein enkelt kjem til med den undersjøiske tunellen. Skulen ligg i flott natur og den nyttar SFO seg mykje av. Vi er ein liten skule, så her jobbar alle tett saman for å gi elevane våre gode dagar frå dei kjem til dei går heim. Stillinga vi har ledig er måndag til fredag mellom kl. 13.00 og 16.00. På vår SFO går det 53 barn, vi driv også med ferie-SFO i haustferien, vinterferien og 3 veker av sommarferien. SFO jobbar etter den nasjonale rammeplanen for SFO, men likar å ha fokus på det som er spesielt for oss her på Bjorøy. Dette er ein del av årsplanen vi har. Eit av fokusområda våre er at elevane våre er delaktige i kva dei vil gjere av ulike aktivitetar på skulen. Hjå våre fagarbeidarar er det høg kompetanse, sjølvstendigheit og engasjement, ein har stort fokus på å gi barna fine og aktive dagar. Ein har delt elevgruppa i to, 1. og 2.trinn og 3. og 4. trinn. Skulen har ein glidande overgang mellom tida elevane er på SFO og tida dei er på skulen, vi samarbeider for å gi alle tryggleik på skulen vår!
Inneverande år har vi 110 elevar. Administrasjonen består av rektor, avdelingsleiar, SFO-leiar og merkantil.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid med/etter tydelege rammer og struktur.
- Uteaktivitetar og turar med elevane.
- Ansvarleg for gjennomføring av aktivitetar av ulike elevgrupper.
- Samarbeid med dei andre tilsette.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Du må ha tilstrekkeleg norsk språk.
Ønskjeleg med:
- · Kompetanse innan arbeid med spesialpedagogiske elevar.
Eigenskapar:
- Tolmod: Å arbeide med barn med særskilte behov krev ofte stor grad av tolmod hos dei vaksne, då barna kan trenge lang tid på å lære seg nye ting og tilpasse seg nye situasjonar m.m.
- Observasjonsevner og tilpassingsdyktigheit: Kvart barn er unikt og stiller ulike krav til oss vaksne sine evner til å forstå dei og deira kjensler. Difor må du kunne observere barna og gjere nødvendige tilpassingar gjennom dagen.
- Samarbeidsevner: Du samarbeider godt med kollegaene dine. Du deler av kunnskapen din og bidreg aktivt i utforminga av barnas kvardag. Du er fleksibel og løysningsorientert med stor arbeidskapasitet.
- Stressmeistring: Du står trygt og godt i situasjonar saman med barn som har sterkt uttrykk, utagerer, og du evnar å ha ei konstruktiv tilnærming til dette. Du trivst i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø.
- Positivt elevsyn: Du tenkjer at alle barn kan lære og utvikle seg, og du leitar etter og byggjer vidare på dei positive augneblikka gjennom kvardagen til elevane.
- Praktisk arbeid: Du trivst med og likar å arbeide praktisk med elevar. Dette kan t.d vere å ta med ei gruppe på kjøkkenet, musikk, idrett, leiketime, brettspeltime, friluftsgruppe eller arbeidsgruppe.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Kontaktperson: Laila Kjeilen Bach
Stillingstittel: Rektor
Telefon: 41559074
E-post: laila.bach@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her