Psykisk helse og rus - Blombakkane

Stilling
40% fast stilling som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
Lokasjon
Rong
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om avdelinga:

Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 40% fast stilling. Bustaden er lokalisert på Straume.

Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur og/eller får oppfølging frå bustaden.

Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse. Der ein gjennom samarbeid med den einskilde og aktuelle samarbeidsinstansar, kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.

Arbeidsoppgåver:

  • Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve lovverk, retningslinjer og vedtak.
  • Rettleiing
  • Praktisk bistand
  • Nettverksarbeid
  • Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøta/ ansvarsgruppe
  • Utarbeide og følgje opp i høve Individuell plan / tiltaksplanar
  • Tilvise til behandling
  • Journal- og dokumentasjonsansvar
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging helse

Kvalifikasjonar: 

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.

Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar, kan med relevant erfaring kan vurderast.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Ønskjeleg med:

  • Førarkort klasse B
  • Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid med aktuell brukargruppe

Personlege eigenskapar:

  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeidsevner
  • Stor grad av fleksibilitet
  • Løysingsorientert
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • God evne til å takle stress og hektiske situasjonar
  • Fagleg engasjert og interesse for arbeid med brukargruppa
  • Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Anna:

  • Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
  • Turnus, dag og kveld med arbeidshelg ca hver 3.helg.
  • Ledig fra: 01.12.26, eller etter avtale.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spanande og lærerik arbeidskvardag
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

Avdelingsleiar Beate Golten tlf 94020443

Einingsleiar Therese Helgesen  tlf  91529795

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter