Drosjesjåfør - 07000 Bømlo

Stilling
Drosjesjåfør
Lokasjon
Bremnes
Antall posisjoner
3
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
-
Få påminnelse
-
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

ME SØKER SJÅFØRAR PÅ BØMLO!

07000 Bømlo er i sterk vekst, og me treng fleire dyktige sjåførar på laget!

Me har ein aukande oppdragsmengde og utfører majoriteten av den offentleg kontraktfesta køyringa i kommunen, mellom anna pasienttransport og skulekøyring. Dette gjer at me stadig utvidar verksemda og har behov for fleire serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte drosjesjåførar som forstår kor viktig det er å levere trygg og profesjonell transport til alle passasjerar.

Å vere sjåfør i 07000 Bømlo handlar om mykje meir enn å frakte kundar frå A til B. Me legg stor vekt på personleg service og ønskjer å gi kundane våre ei trygg, positiv og god oppleving kvar gong dei reiser med oss.

Arbeidsoppgåvene er varierte og handlar om å vere til stades for menneska me møter i kvardagen. Det kan vere å hjelpe til med bagasje og varer, bistå med handling i butikk og yte den ekstra servicen som gjer ein forskjell i kvardagen til folk. Du skal også vere ein trygg og omsorgsfull vaksenperson for skuleelevar på veg til eller frå skulen -- ei viktig rolle i å sikre dei ein trygg og god reiseveg.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • Har ei positiv innstilling og eit godt serviceinstinkt.

  • Er ansvarsfull, påliteleg og møter kundane med respekt og høflegheit.

  • Har ein mjuk, behageleg og trafikksikker køyrestil.

  • Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag.

  • Forstår at du som sjåfør er ansiktet utad for både 07000 Bømlo og bileigaren.

Me er opptekne av korleis verksemda vår blir oppfatta av lokalbefolkninga, kundane våre og publikum. Derfor er det viktig at du tek rolla som sjåfør på alvor og ønskjer å bidra til eit godt omdømme.

Kva kan me tilby?

Me ønskjer fleire dyktige medarbeidarar og har behov for:

  • Fleire faste stillingar, gjerne i 100 % stilling.

  • Tilkallingsvikarar.

  • Helgesjåførar.

  • Sjåførar med minibusskompetanse og YSK.


Hos oss blir du ein del av eit lokalt transportmiljø der samarbeid, service og gode kundeopplevingar står i sentrum.

Kvalifikasjonar

For å køyre drosje må du ha:

  • Førarkort minimum klasse B i dei to siste sammenhengande åra.

  • Køyresetel for persontransport.

Manglar du køyresetel, kan me hjelpe deg med søknadsprosessen og førebuing til den teoretiske prøva.

Vil du bli ein del av laget vårt?

Tilsetjing skjer fortløpande, så ikkje vent for lenge med å ta kontakt!

Me oppmodar spesielt kvinner til å søkje.

Kjenner du nokon som kunne passa hos oss? Tips dei gjerne om stillinga!

Interessert eller har spørsmål? Ta gjerne ein uforpliktande prat med dagleg leiar:

Bjørn Erik Ovesen

Telefon: 469 31 000

E-post: bjorn@ovesentransport.no

Me gler oss til å høyre frå deg!

Kontaktpersoner
Bjørn Erik Ovesen
Dagleg leiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter