Vil du vera med å gjera ein forskjell? Bli med på laget!
Om stillinga
Me har ledig to faste 100% stillingar som helsefagarbeidar ved Hauge omsorgsbustad frå 01.12.26 og 01.01.27 eller etter avtale. Det er også ledig helsefagarbeidarstilling kvar 4. helg på 24,30% med langvakter på 14. timar laurdag og sundag, kortvakt fredag frå 01.12.2027 eller etter avtale.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.
Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.
Intervju vil bli gjennomført fredag 23.10.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
- Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring
- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- Gode pensjonsvillkår
- Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad
Kvalifikasjonskrav
- Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar
- Krav om å beherske vanleg IKT verktøy
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Stillinga krev at De legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling
Kven er du?
- Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
- Du er engasjert og likar å samarbeida med andre
- Du har stå på vilje med glimt i augo
- Du er løysingsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
- Du har digital forståing
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!