Osland Genetics søker etter driftsoperatør som vil vere med og forme verdas beste regnbueeørret

Stilling
Driftsoperatør
Lokasjon
Bjordal
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Som driftsoperatør hos Osland Genetics vil du vere med på å produsere stamfisk og rogn av regnbueørret basert på våre eigne stammer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklast gjennom eit familiebasert avlsprogram i samarbeid med NOFIMA. Ørreten vår veks raskt, er robust og ettertrakta som slaktefisk. Hos oss får du kjennskap med fisken i heile livssyklusen frå rogn til rogn. Vi held til på Osland Brygge i Bjordal og mesteparten av produksjonen til Osland er i og ved Sognefjorden.

Arbeidsoppgåver

  • Handtering av stamfisk

  • Produksjon av rogn

  • Fôring og stell av fisk

  • Dagleg vedlikehald

  • Teknisk tilsyn

  • Journalføring og rapportering

Du blir ein del av eit team som jobbar tett saman for å utvikle framtidas ørret. Du vil ha ein variert arbeidskvardag, der du håndterer stamfisk både i sjø og på land gjennom heile året. I rogneriet vil du ta del i befruktning og produksjon av rogn fram til levering til kunde. Du vil også delta i teknisk drift av anlegga våre. Vi søker deg som er engasjert, løysingsorientert og trivst med fysisk og variert arbeid, både inne og ute.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag er ynskjeleg

  • Erfaring kan vege opp for formell utdanning

  • Teknisk og biologisk forståing

  • Strukturert

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling

  • Spennande arbeidskvardag i nye fasiliteter og godt arbeidsmiljø

  • Varierande arbeidsoppgåver

  • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje

  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar

  • Hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter