Miljøarbeidar
Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar:
Kolgskogheiane og Gymnasvegen.
Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.
I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.
Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar.
Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
- deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
- samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
- hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen
- hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar.
- Relevant fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi ønsker at du:
- har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
- samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
- er trygg, tydeleg og inkluderande
- er initiativrik
- deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
- meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
- eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- 100% stilling men 89% lønn siden stillinga følger skuleruta.
Kontaktinformasjon
Jan Kåre Greve, rektor, +47 91680978Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5193872301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026