Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen

Stilling
Tilkallingsvikar Felleskjøkkenet, Hjørundfjordheimen
Lokasjon
Sæbø
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
10. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen på Sæbø er det ledig stilling som tilkallingsvikar. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde avdelingsleiar.


Arbeidsoppgåver

  • Som tilsett på Felleskjøkkenet er oppgåva å lage mat til institusjonen og heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta.
  • Reinhald og orden på kjøkkenet
  • Førebuing og tilrettelegging av frukost, kveldsmat og kaffimåltid
  • Baking ved behov
  • Andre førefallande arbeidsoppgåver på kjøkkenet

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar, men praksis frå liknande arbeid er ein fordel
  • Vi søkjer vi deg som er interessert i matlaging, trivast saman med eldre
  • Beherskar norsk munnleg godt

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du: 

  • har interesse for matlaging og kjøkken
  • er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
  • er engasjert og har godt humør
  • kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • ynskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til brukerane våre

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Arbeidsvilkår: Dagtid

Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr.1 Stillingar utan særskilt krav til utdanning.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 48659833, silje.solhaug@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Øyragata 20
6165 Sæbø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5200584884
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.11.2026

Kontaktpersoner
Silje Solhaug
Avd.leiar Felleskjøkkenet
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter