Rektor Ørsta ungdomsskule
Er du den rette til å leie og vidareutvikle ein framtidsretta ungdomsskule med engasjerte tilsette og nyrenoverte skulelokale?
Ved Ørsta ungdomsskule har vi ledig 100 % fast stilling som rektor frå 01.02.2027. Tiltreding etter avtale.Stillinga er plassert i kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.
Ørsta ungdomsskule er ein rein 8.–10.-skule med omlag 370 elevar og 65 tilsette, og er ein av dei største kommunale grunnskulane i Ørsta kommune.
Skulen ligg sentralt i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane.
Skulen har eit leiarteam sett saman av rektor, to assisterande rektorar og to trinnleiarar.
Arbeidsoppgåver
Ørstaskulen sine overordna mål er:
- Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
- Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre læringa til elevane, m.a. gjennom særleg fokus på lesing og læringsstrategiar i alle fag, å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og ha fokus på relasjonskompetanse, fysisk og psykisk helse. Vi arbeider systematisk med tidleg innsats og tverrfagleg samhandling gjennom modellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI), og legg stor vekt på elevmedverknad, inkludering og førebygging av utanforskap. Alle lærarar deltek i lærande nettverk på eigen skule og mellom skulane i kommunen. Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom skuleleiarmøta i kommunen og leiarsamlingar i Sjustjerna.
Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med Chromebooks og Google Workspace for Education Plus som hovudverktøy.
Arbeidsoppgåver
Som rektor har du det overordna pedagogiske, personalmessige og økonomiske ansvaret for skulen, og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Tenesteleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagtilbod i si eining slik som mellom anna:
- Leie og vidareutvikle det pedagogiske utviklingsarbeidet og profesjonsfellesskapet ved skulen
- Sikre eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø i tråd med opplæringslova, i tett samarbeid med elevråd og føresette (FAU)
- Fremje tverrfagleg samhandling (BTI) med mellom anna PPT, skulehelsetenesta og barneskulane for gode overgangar
- Leiing og administrasjon, samt planlegging og koordinering av dagleg drift
- Rapportering og strategisk utvikling i tråd med kommunale planar og leiaravtale
- Personalansvar med oppfølging av tilsette, kommunen har eit stort fokus på sjukefråværsarbeid og jobbar for å utvikle ein heilskapskultur på alle område.
- Det kan liggje undervisningsoppgåver til stillinga
Meistringsorientert leiing er eit sentralt stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilte til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein rektor som har:
- godkjend pedagogisk utdanning (undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen) og solid praksis frå grunnskulen, gjerne frå ungdomstrinnet
- formell utdanning og erfaring innan leiing, inkludert personal- og økonomistyring. Ved manglande formell leiarkompetanse blir det sett vilkår om relevant vidareutdanning (nasjonal rektorutdanning eller tilsvarande) innan tre år.
- god forståing for lov- og avtaleverk i skulesektoren
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, som er administrasjonsmålet i Ørsta kommune
- god digital kompetanse og evne og vilje til å setje seg inn i og nytte kommunen sine system
- Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding, jf. opplæringslova § 17-11.
Personlege eigenskapar
- tydeleg, inkluderande og tillitskapande med gode leiar- og samarbeidsevner
- engasjert og har evne til å inspirere og mobilisere andre
- relasjonssterk og trygg i møte med elevar, føresette og tilsette – også i krevjande saker
- utviklingsorientert, lyttande og har gode evner til omstilling og til å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- kan arbeide målretta, strukturert, systematisk og sjølvstendig, med god gjennomføringsevne og blikk for heilskap og ressursstyring
- er stabil og har høg yteevne og vilje til ekstra innsats når det er naudsynt
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- Kompetanseheving og utvikling gjennom nettverksarbeid
- Deltaking i det overordna utviklingsarbeidet for Ørstaskulen i dei kommunale skuleleiarmøta
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningari KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
Som lærar blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør og dine næraste kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr. Du kan også få gode vilkår på bustadlån.
Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2
Stillingskode 9951 - rektor
Løn etter avtale.
Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25 kan søkjaren sjølv be om at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, men må grunngje dette i søknaden. Søkjaren sine behov vil verte vurderte konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 47 62 34 18, pal-einar.brekke@orsta.kommune.noArbeidsstad
Ripateigane 26153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5211296353
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026