Assistent ved Hovden skule
Ørsta kommune har ledig 42 % vikarstilling som assistent ved Hovden skule og SFO for perioden 01.11.2026 - 31.07.2027. Tilsetting vil medføre arbeid i ferie-SFO.
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Hovden skule er ein 1.-7. skule med omlag 120 elevar og 20 tilsette. Den ligg fint plassert i Hovdebygda, med nydleg natur rundt seg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med elevgrupper og enkeltelevar i skule
- Vere ein del av grunnbemanninga på SFO og ferie-SFO
- Gjennomføre aktivitetar, planlagt av, og under rettleiing av pedagog
- Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer først og fremst etter assistentar med erfaring liknande arbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Har høg relasjonskompetanse
- Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
- Har eit positivt elevsyn og vektlegg inkludering av born med særskilte behov
- Tek i mot rettleiing og er lojal mot våre rutinar
- Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meningsfylt arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4
Stillingskode 6572 - Assistent
Lønsplassering vert satt utifrå garantilønnstabellen
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Annelin Wangen, Rektor, 91 24 84 76, annelin.wangen@orsta.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5184658219
Stillingsprosent: 42%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 11.10.2026