Pedagog i visuelle kunstfag 

Stilling
Pedagog i visuelle fag
Lokasjon
Norheimsund
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
17. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!   

  • Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
  • Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
  • Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
  • Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre. 

Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/


Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen. 
  • Arbeid med elevgrupper

Kvalifikasjonar

  • Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.
  • Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast. 
  • Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid 
  • Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag 
  • Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi
  • Førarkort og tilgang til bil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
  • Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
  • Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
  • Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771

Arbeidsstad

Grovagjelet
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204385432
Stillingsprosent: 30%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026

Kontaktpersoner
Anne Cathrine Eiken
Kulturskulerektor
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter