Miljøterapeut

Stilling
Miljøterapeut
Lokasjon
Øystese
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein meiningsfull jobb der du bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet for andre?

  • Me søkjer ein engasjert og trygg miljøterapeut til 80 % fast stilling i nyoppretta avdeling i rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese.
  • Avdelinga har ei arbeidstidsordning som inkluderer langvakter. Det er ønskjeleg at søkjar er positiv til langvakter, men deltaking i langvaktordninga er frivillig
  • Me tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim.
  • Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø. 


Som miljøterapeut vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.
 
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø
  • Pleie knytt til personleg hygiene og stell
  • Skapa struktur i kvardagen
  • Planleggja og gjennomføra aktivitetar
  • Leggja til rette for meistring, sjølvstende og sosial deltaking
  • Observasjon og dokumentasjon
  • Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Har du arbeidserfaring/utdanning innan psykisk helsearbeid er det ei føremon
  • Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse og erfaring med dokumentasjonssystem

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Trygg og tydeleg i rolla
  • Gode samarbeidsevner
  • Arbeider strukturert og ansvarsfullt
  • Empatisk og evne til å byggja gode relasjonar
  • Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
  • Fleksibel og løysingsorientert

Me tilbyr

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) 
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Tove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898

Arbeidsstad

Rokabrekka 1
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204905708
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026

Kontaktpersoner
Tove Pedersen
Leiar avdeling rus og psykisk helse
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter