Vikariat i engelsk og samfunnskunnskap
Voss vidaregåande skule ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette. Skulen har fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har høge ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer ein lærar til eit vikariat i engelsk og samfunnskunnskap for tilsetjing snarast. Engelsk ca. 24% og samfunnskunnskap ca. 20%.
Vikariatet varer fram til jul, men det kan bli aktuelt å forlengja det.
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter ein person som har:
høgskule-/universitetsutdanning,
praktisk-pedagogisk utdanning og
undervisningskompetanse (60 st.p.) i dei to faga
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Du er målretta og systematisk og set eleven si læring og utvikling fremst.
Du er tydeleg, støttande og motiverande i møte med elevane.
Du er kreativ og har omstillingsevne.
Du er flink til å samarbeida og er interessert i faga.
Vi tilbyr
Hjå oss får du:
- eit nytt og moderne skulebygg,
- inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap,
- gode moglegheiter for fagleg utvikling,
- løn etter tariff i offentleg sektor, og
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Magnhild Hakestad, Rektor, 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.noAina Sandaker, avdelingsleiar, 41465683, aina.sandaker@vlfk.no
Arbeidsstad
Strandavegen 2515710 Skulestadmo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5208406007
Stillingsprosent: 44%
Vikar
Startdato: 23.11.2026
Sluttdato: 22.12.2026
Søknadsfrist: 22.11.2026