Avdelingsleiar yrkesfag
Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar
- har personalansvar og økonomi- og budsjettansvar for avdelinga
- sørgjer for god fagleg-pedagogisk utvikling og god kvalitet på undervisninga på avdelinga
- ivaretar samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
- utviklar avdelinga i samsvar med mål og visjon for skulen
- deltar i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa
Kvalifikasjonar
Du har
- undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skule
- god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne og god digital kompetanse
- erfaring med administrative program innanfor t.d. skuleårsplanlegging og økonomistyring
Det er ønskjeleg at du har skuleleiarutdanning og/eller -erfaring
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein leiar som
- er open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
- set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
- har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
- trivst med varierte arbeidsoppgåver og eit høgt tempo
Vi tilbyr
- eit profesjonsfellesskap med høg fagleg kompetanse og sterkt elevfokus
- løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Magnhild Hakestad, Rektor, 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5188188969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026