Er du vår nye Vertskaps- og programansvarleg ved Haugesenteret?
Vil du vera med å leggja til rette for gode kulturopplevingar for eit variert publikum? Er du glad i å møta nye menneske og få gjestar til å kjenna seg velkomne? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur har ledig stilling som vertskaps- og programansvarleg ved Haugesenteret i Ulvik.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
Me ønskjer at du:
-
har relevant høgare utdanning innan kultur, museumsdrift, administrasjon, publikumskontakt eller marknadsføring
-
har erfaring frå museum eller andre formidlingsinstitusjonar
-
skriv godt på nynorsk og har god kjennskap til engelsk
-
har erfaring med digitale reiskapar, kassasystem og forståing for grunnleggjande økonomisk og administrativt arbeid i verksemder
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
-
har interesse for lyrikk, litteratur og språk
-
er kreativ og arbeider sjølvstendig
-
trivast med å arbeida i høgt tempo og ha sans for orden og system
-
er løysingsorientert og samarbeider godt med andre
-
kan veksle mellom fleire oppgåver i løpet av ein arbeidsdag
-
har god formidlingsevne både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgaver
Vertskaps- og programansvarleg er med på å utvikla publikumstilbodet ved Haugesenteret saman med resten av formidlingsavdelinga i Nynorsk kultursentrum. Du står for dagleg drift av resepsjon og museumsbutikk, og utarbeidar turnus for museumsvertar i sommarsesongen. Du koordinerer førespurnadar frå grupper om besøk og omvisingar i utstillinga. Marknadsføring av museumstilboda våre, kulturprogram og festival i ulike medium ligg også til stillinga.
Vertskaps- og programansvarleg samarbeider med museumsleiar i Haugesenteret om utvikling, planlegging og gjennomføring av arrangement i museet og til Poesifestivalen. For Poesifestivalen ligg det til stillinga å vera programprodusent med ansvar for planlegging, avtalar, logistikk og marknadsføring.
Du vil samarbeida tett med kollegaer i Haugesenteret og i formidlingsavdelinga på tvers av våre tre museum. Museumsleiar i Haugesenteret er nærmaste overordna.
Vi tilbyr
-
Løn etter avtale, med utgangspunkt i lokalt lønssystem
-
Medlemskap i Statens pensjonskasse
-
Avtalefesta pensjon
-
Gruppelivsforsikring
Du kjem til eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Me tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Alle nye medarbeidarar får nødvendig opplæring. Me nyttar nynorsk i all kommunikasjon.