Vikar i Sogndal

Stilling
Vikar
Lokasjon
Sogndal
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

NRK Vestland søkjer vikar som journalist til lokalkontoret i Sogndal i heile 2027. Vi ser etter deg som vil jobbe som reporter og videojournalist i felt og på desk. Du vil lage saker til nrk.no, radio og TV.

Sogndal er ei bygd som er kjent for eit godt studentmiljø, og det er eit eldorado for deg som likar skikøyring, toppturar, klatring og anna friluftsliv. Lokalkontoret er lokalisert på Campus Fosshaugane, tett på arbeidsplassar innan utdanning, forsking, næringsliv og idrett. Førde kan også vurderast som arbeidsstad.

Arbeidsoppgaver

Lage nyheiter til nett, radio, TV  
Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak
Jobbe med løpande nyheiter på desk
Utrykking på store hendingar
Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer

Kvalifikasjoner

Samfunnsengasjert og interessert i nyheiter
Erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon
Godt språk. Du må kunne nynorsk, eller vere innstilt på å lære det
Førarkort

Personlige egenskaper

Engasjement og godt humør
Arbeider sjølvstendig og har eigne idéar
Jobbar raskt og effektivt
Gode samarbeidsevner 
Glad i utfordringar og å prøve nye ting

Vi tilbyr

Lokalkontoret i Sogndal er lokalisert på Campus Fosshaugane. Her er det over tusen arbeidsplassar innan utdanning, forsking, nærlingsliv og idrett.
Du som jobbar i Sogndal er del av eit ambisiøst nyheitslag i NRK Vestland, der vi samarbeider på tvers av geografi.
NRK Vestland har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV og radio.
Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.

Fint å vite om søknadsprosessen
NRK er underlagt offentleglova. Når du søker jobb hos oss vil navnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Det er mulig å be om å bli unntatt søkarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor. Vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Viss vi ikkje kan det, høyrer du sjølvsagt frå oss før vi offentleggjer søkarlista.

Bakgrunnssjekk og risikovurdering
NRK kan gjennomføre bakgrunnsjekk av finalekandidatar i samarbeid med ekstern leverandør. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søker og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. For aktuelle kandidater med tilknytning til land som er definert som høgrisiko av nasjonale sikkerhetsstyresmakter, vil det bli gjennomført ei vurdering av tilknytning og risiko.


Kontaktpersoner
Dyveke Maiken Buanes
Distriktsredaktør
Gro Ravnestad
Nyhendesjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter