NRKs breakingdesk søker journalistar og fotojournalistar til tilkallingsvikariat
Arbeidsoppgaver
I avdelinga Breaking og publisering er det ledige tilkallingsvikariat i redaksjonen Breakingdesk:
- Breakingjournalist
- Fotojournalist
Breakingdesken er NRKs førstelinje og skal sørge for rask respons og presis formidling av nyheiter og hendingar i både Noreg og verda. Vi skal gi oversikt og forklaring frå start, ha riktig informasjon med nødvendig kontekst, slik at publikum forstår og blir opplyst: Først med kva som skjer – og kvifor det skjer.
Redaksjonen har sitt primæroppdrag på NRK.no, men skal også vere ein journalistisk motor i alle breakingsaker – til fordel for resten av NRKs plattformer. Vi er eit breakingfagleg miljø som skal ha høg kompetanse på rykk, verifisering, faktasjekk, nyheitsovervaking, metodebruk og tekniske verktøy i den raskaste journalistikken. Det er behov for kreativ og visuell formidling for å vere relevante for brukarane våre. Det er difor viktig å komme seg raskt ut der ting skjer, vere tett på folk og lage unikt innhald – også i breakingjournalistikken.
Vi gjer intervju fortløpande.
Kvalifikasjonar
For å vere kvalifisert for stillinga må du:
- ha erfaring med løpande nyheitsjournalistikk
- innsikt i kva som skal til for å treffe publikum og god kunnskap om presentasjon og formidling i ein digital nyheitsflyt
- ha erfaring med og forståing for korleis digitale plattformer og verktøy kan brukast for å fremje breakingjournalistikk
- vere idérik og ha evne til å aktivt jakte neste nyheitssteg
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- ha god presseetisk vurderingsevne og forståing
Spesielt for stillingane som fotojournalist:
- ha kompetanse på foto og video i felt
- kunne redigere videoar som fungerer digitalt
- det er ein fordel om du kan verifisere bilete og video, og at du kan grunnleggjande OSINT-metodikk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer medarbeidarar som er opptekne av læring og nytenking. Du må vere initiativrik og målretta, god til å byggje tillit og utvikle gode relasjonar i team. Du har ei positiv framtoning og vere ein god lagspelar.
Det er også viktig at du er engasjert på vegner av oppdraget og har lyst at NRK skal levere den beste breakingjournalistikken og at vi utviklar ein kultur der det er lov å prøve, feile og lære. Du må vere god til å samarbeide med andre.
Fint å vite
Bakgrunnssjekk og risikovurdering
NRK kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. For aktuelle kandidatar med tilknyting til land som er definerte som høgrisiko av nasjonale tryggleiksmyndigheiter, vil det bli gjennomført ei vurdering av tilknyting og risiko.
Offentleg søkjarliste
NRK er underlagt offentleglova. Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unnateken denne søkjarlista. Da må du i så fall grunngje kvifor. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Dersom vi ikkje kan det, høyrer du sjølvsagt frå oss før vi gjer søkjarlista offentleg.