Vil du ha praktisk erfaring med å jobbe med nettsider?
Du blir ein del av nettredaksjonen og får praktisk erfaring med publisering, kvalitetssikring og løpande vedlikehald av nettsidene og intranettet til Noregs Bank. Du vil mellom anna publisere innhald, forbetre universell utforming, sette opp temasider og følge opp førespurnader frå kollegaer. Vi vil også at du skal vere nysgjerrig og ta initiativ når du ser noko på nettsidene som kan forbetrast.
Om kommunikasjonseininga
Noregs Bank er sentralbanken i landet vårt. Vi skal fremme økonomisk stabilitet i landet og forvalte store verdiar på vegner av fellesskapen. Det krev at kommunikasjonen vår er nøyaktig, føreseieleg, open og tilgjengeleg.
Kommunikasjonseininga er organisert under Stab. Eininga har ansvar for kommunikasjonsarbeidet i sentralbankverksemda. Oppgåvene i eininga omfattar mediehandtering og medierådgiving, nettsider, intranett, språktenester og kunnskapssenteret.
Dette kjem du til å jobbe med
Du kjem til å bidra i det løpande arbeidet med nettsidene og intranettet til Noregs Bank. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å
- publisere rapportar og anna løpande innhald på nettsidene
- hjelpe til med å sette opp temasider på dei interne nettsidene våre, intranettet, og med å forbetre og publisere tekstar og nyheitssaker
- følge opp førespurnader frå verksemda om publisering på nettsida og kommunikasjonsoppgåver knytte til intranettet
- bidra til god kvalitet og universell utforming på nettstadene Drive vedlikehald, mellom anna ved å rette lenker med kvalitetsverktøyet vårt, SiteImprove
- kvalitetssjekke og teste ny funksjonalitet før han blir tatt i bruk
- hjelpe nettredaktøren og intranettredaktøren med andre relevante oppgåver
Avhengig av kompetansen og interessene dine kan du også få høve til å arbeide med andre oppgåver innan web og digital kommunikasjon.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein student som er i gang med utdanning innan eit fagområde som er relevant for arbeid med nettsider, som medium og kommunikasjon, bibliotek- og informasjonsvitskap eller interaksjonsdesign.
Du må ha
- interesse for vedlikehald og forbetring av nettsider
- kjennskap til universell utforming eller brukarvennlegheit på nett
Det er ein fordel om du har
- erfaring med publisering på nett og med publiseringsverktøy (CMS)
- eit blikk for kva som er god og brukarvennleg tekst på nettsider
Vi bruker Optimizely som publiseringsverktøy, men det er ikkje nødvendig at du kjenner systemet frå før.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er nøyaktig og strukturert, som samarbeider godt med andre, og som tar ansvar for oppgåvene dine.
Ein del av arbeidet vil vere løpande publisering, kvalitetssikring og vedlikehald. Derfor er det viktig at du også trivst med oppgåver som krev konsentrasjon, nøyaktigheit og systematikk.
Spesielle krav
Til stillinga krevst det tilfredsstillande vandel, ordna privatøkonomi og tryggingsgodkjenning i tråd med regelverket i Noregs Banks. Du må legge fram politiattest. Utdanning og arbeidserfaring vil bli verifisert.
Vi tilbyr
ei unik moglegheit til å skaffe seg arbeidserfaring frå ei verksemd med stort samfunnsansvar. Hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø der studentane blir inkluderte i både faglege og sosiale samlingar. I tillegg kan vi tilby følgande:
- ei fleksibel arbeidstidsordning gjennom året slik at arbeidet enkelt kan kombinerast med studiar
- sentrale lokale på Bankplassen med mellom anna treningsrom, gymsal, squashbane og god kantine
Noregs Bank skal ha ein kultur for mangfald, inkludering og like moglegheiter for alle. Vi meiner det bidrar til fleire perspektiv, auka kreativitet og betre avgjerder. Vi ønsker oss medarbeidarar som har ulike typar kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv slik at dei kan bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver eller arbeidstid.