Er du økonom med hjarte for nynorsk?
Noregs Mållag søkjer etter ein allsidig, kreativ og fleksibel person som ønskjer å arbeida som økonomi- og administrasjonsrådgjevar i heil, fast stilling. Stillinga er ledig frå 1. mars. Dei sentrale arbeidsoppgåvene er:
-
fakturering og lønskøyring
-
rekneskapsføring
-
mva-kompensasjon
-
kurspåmeldingar inkl. organisering av reise og opphald
-
inntektsbringande arbeid for organisasjonen
-
innkjøp av materiell og rekvisita, kontroll med varelager
-
dagleg drift av kontoret
Du må ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. God dokumentert røynsle frå økonomiarbeid kan i nokon grad kompensera for utdanning. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid og kan føra med seg noko helgearbeid og reising.
Stillinga blir lønt frå 560 000 til 690 000 kroner med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk, og målpolitisk engasjement er ein fordel.
Kontorplass Oslo sentrum.
Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Dronningens gate 22, 0154 Oslo, eller på e-post til dagleg leiar, gro.morken@nm.no.