Fagarbeider

Stilling
Fagarbeider
Lokasjon
Treungen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. okt.
Få påminnelse
7 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og byggje verdas beste oppvekstbygd?

Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2026 - 10.10.2027.

I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge. 

Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å gi barna ein trygg og utviklande kvardag, og som ser verdien av å byggje gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer.


Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna.
  • Leggje til rette for leik, utforsking, læring og meistring.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø.
  • Støtte barna si sosiale, emosjonelle og språklege utvikling.
  • Vere ein tydeleg og trygg vaksen som byggjer gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer. 
  • Vere med på å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med resten av personalgruppa. 
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og bidra til å realisere måla i barnehagen sine lokale og overordna planverk og styringsdokument. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Kandidatar med andre relevante fagbrev og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn og unge kan bli vurderte. 
  • Førarkort klasse B
  • Du kan kommunisere godt munnleg på norsk.

Politiattest må leggast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Har lyst til å vere ein aktiv og tilstadesverande vaksen saman med barna i leik og kvardagsaktivitetar.
  • Ønskjer å byggje gode relasjonar og møte barn, føresette og kollegaer med varme og respekt.
  • Samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Vil vere med og skape eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode
  • Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga. 
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus.
  • Ein liten barnehage med store muligheter.
  • Moglegheit til å vere med på spanande utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst.
  • Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse."
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.

Kontaktinformasjon

Maria Moland, Styrar Fjone barnehage, 46 85 30 91, maria.moland@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad

Fjonevegen 2238
3855 Fjone

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5194256401
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 01.10.2027
Søknadsfrist: 29.10.2026

Kontaktpersoner
Maria Moland
Styrar Fjone barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter