Fagarbeider - 100% vikariat (2.gongs utlysning) 

Stilling
Fagarbeider - 100% vikariat i barnehage (2.gongs utlysning)
Lokasjon
Treungen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd?

Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027.

I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge. 

Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget? 

 

Arbeidsoppgåver

  • Skape gode dagar for barna gjennom omsorg, leik og læring.
  • Vere ein aktiv og engasjert deltakar i barnehagekvardagen.
  • Støtte barn si utvikling og meistring.
  • Byggje trygge relasjonar med barn, føresette og kollegaer.
  • Bidra til pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen.
  • Samarbeide i eit fagleg og inkluderande arbeidsfellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Andre fagbrev kan vere verdifullt. Personar utan formell kompetanse kan og bli vurderte. 
  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel.
  • Førarkort klasse B
  • Du kan kommunisere godt munnleg på norsk.

Politiattest må leggast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert, samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag.

Personleg eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode
  • Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga.
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus.
  • Ein liten barnehage med store muligheter.
  • Moglegheit til å vere med på utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst.
  • Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse."
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.

Kontaktinformasjon

Maria Moland, Styrar Fjone barnehage, 468 53 091, maria.moland@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad

Fjonevegen 2238
3855 Fjone

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5205142509
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026

Kontaktpersoner
Maria Moland
Styrar Fjone barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter