Avdelingsleiar heimebaserte tenester ( 2. gongs utlysing)
Vil DU vere med på laget vårt ?
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i vakre Nissedal ?
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.
Arbeidsoppgåver
Fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelingaLeie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø
Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting
Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester
Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar
Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutvikling
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfagLeiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg
God innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverk
Gode digitale ferdigheiter
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er ein tydeleg og inkluderande leiar
Har evne til å motivere og skape engasjement
Er strukturert og handterer ein travel kvardag godt
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er løysingsorientert og utviklingsretta
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester
Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Hannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619Arbeidsstad
Treungvegen 3983855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5202898655
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026