Er du sjukepleiar og nysgjerrig på nervesystemet og geriatri?
Vi har no ledig to vikariat som sjukepleiar i 100%, 3-delt turnus ved Nevrologisk sengepost. 👈
Arbeidet vil være som sjukepleiar i tredelt turnus, fulltid. Nattevakter må påregnes.
Nevrologisk avdeling består i dag av poliklinikk, EEG laboratorium og ein sengepost. På sengeposten har vi per dags dato 14 sengeplassar, 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon. Vi har fokus på akutt behandling og tidleg rehabilitering. Vi har derfor tett samarbeid med andre faggrupper som fysio-ergo- terapeut, logoped med meir. Vi har fokus på fag og kvalitet. Kursdagar og personalmøter ligg fast i turnus.
Fra april/mai 2027 flytter vi sammen med geriatrisk sengepost, til ein større felles sengepost for nevrologi og geriatri. Denne vil ha totalt 20 sengeplassar; 8 på generell nevrologisk seksjon, 6 på slagseksjonen og 6 på geriatrisk seksjon. Stillingane blir dermed på sengepost for nevrologi og geriatri fra april/mai 2027.
Nevrologi er eit spennande fagfelt som stadig er i utvikling. Vi behandlar både akutte og kronisk sjuke pasientar, som slag, parkinson, MS, migrene og epilepsi. Det er hos oss viktig å sjå heile mennesket, både dei fysiske problema men også dei psykososiale. Å jobba hos oss gir varierte arbeidsdagar. Du kjem i kontakt med gode kollegaer, og får ansvar for både pasientar og pårørande deira.
Geriatrisk post utgreiar og behandlar eldre pasientar med samansatte og komplekse sjukdomsbildar. Vanlege problemstillingar er svimmelhet, hukommelsesvanskar, delirium, akutt funksjonssvikt, infeksjonar, polyfarmasi og ernæring. Arbeidet er tverrfagleg og variert, med mål om å bidra til best mogleg behandling og forbedring av funksjonsnivå og pasientforløp. Du får arbeide med eit bredt spekter av medisinske problemstillingar og får moglegheit til å utvikle kompetanse innan generell indremedisin og geriatri.
👉 Høyrest dette spennande ut? Vi håper du har lyst til å bli med oss 😊
Snarleg oppstart er ønskelig.
Kva går jobben ut på?
- Ta imot og følgje opp pasientar gjennom heile opphaldet.
- Utføre vanlege sjukepleieoppgåver og få opplæring i spesialiserte prosedyrar, som å assistere ved spinalpunksjon, gi intravenøs behandling og handtere trakeostomi.
- Gi opplæring og rettleiing til pasientar og pårørande.
- Samarbeide tverrfagleg for å sikre eit godt og trygt opphald for pasientane.
- Rettleie studentar og bidra til fagleg utvikling i avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar.
- Gode IKT - kunnskapar, gjerne erfaring med DIPS og Meona.
- Gode norske munnlege og skriftlege språkkunnskapar er ein føresetnad for forsvarleg pasientbehandling.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er motivert, har interesse for faget og møter på jobb med god arbeidsmoral
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- har god vurderingsevne, arbeider strukturert og kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- trivst både med samarbeid og når du jobbar sjølvstendig
- er nysgjerrig og ser etter løysningar når det trengst
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Opplæring på spesialkompetanse på tracheostomi.
- Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og moglegheit for å delta på kurs.
- Tilrettelegging for videreutdanning av ansatte i faste stillinger.
- Verneombud, tillitsvalgt, kollegastøtteordning, fagsjukepleiar.
- God opplæring. Vi tek godt vare på deg heile opplæringstida.
- Ein spennande avdeling med godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Håvard Lauritsen Øvrebø, Funksjonsleder, 94841871, havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5199132870
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.01.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 25.11.2026