Vil du jobbe med sjukefraværsoppfølging og arbeidsinkludering?
Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.
No har vi ledig stilling som veileder i avdeling Arbeidsliv.
Dette er ei variert og meiningsfull stilling der du følger opp personar som er sjukemelde og står i krevjande livssituasjonar. Arbeidet inneber å kartleggje ressursar og moglegheiter, motivere for aktivitet og arbeid, og finne gode løysingar i samarbeid med brukaren, arbeidsgjevar og andre samarbeidspartnarar.
Du vil handtere saker med ulik kompleksitet og ha ansvar for eigen portefølje. Stillinga krev at du kan prioritere mellom oppgåver, arbeide strukturert og gjere gode vurderingar innanfor gjeldande regelverk. Samtidig må du kunne byggje gode relasjonar og kommunisere tydeleg med menneske i ulike situasjonar.
Kva går jobben ut på?
- eigen portefølje med personer som mottar sjukepenga
- avholde dialogmøter
- kartlegge og motivere brukarar tilbake til egen arbeidsgjevar eller mot anna arbeid
- arbeide tverrfagleg og heilskapleg med utgangspunkt i kvar enkelt brukar sitt behov.
- rettleiing etter gjeldande regelverk
- utstrakt samarbeid med arbeidsgjevarar, helsevesen, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnare
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå eller universitet, gjerne innenfor samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå arbeid med oppfølging av personar i krevjande livssituasjonar
- erfaring frå bruk av digitale arbeidsverktøy i arbeidet
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå sjukefraværsoppfølging
- erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarkedet og rekrutteringsarbeid
Kven er du?
- du byggjer tillit og skaper gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartnarar
- du gjer gode faglege vurderingar og finn løysingar innanfor gjeldande regelverk
- du arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift i eigne saker
- du kommuniserer tydeleg og motiverer menneske i ulike livssituasjonar
Kvifor velje oss?
- meiningsfylt oppgåver innenfor eit viktig samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- moderne kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- stilling som rettleiar i stillingskode 1434, med lønnsspenn frå kr. 640.000 til kr. 680.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Jannicke Bertelsen, Avdelingsleder, 97597575, jannicke.bertelsen@nav.noArbeidssted
Grønamyrvegen 185353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5201843864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2026