Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med menneske og fag i sentrum?

Stilling
Rettleiar Avd. Tjenesteavklaring
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
28. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.

No har vi ledig ei spennande stilling som rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring.

Dette er ei variert stilling der du får arbeide med saksbehandling, kartlegging og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du vil møte problemstillingar som krev både fagleg vurderingsevne, samarbeid og gode relasjonelle ferdigheiter. Gjennom arbeidet får du bidra til at fleire kan kome i arbeid og aktivitet, samstundes som du er med på å sikre viktige velferdsrettar.


Kva går jobben ut på?

  • saksbehandle søknader om arbeidsavklaringspengar
  • klagehandsaming
  • vurdere vilkår for sjukepengar og andre problemstillingar knytte til sjukefråværsoppfølging
  • kartlegging og vurdering etter NAV-lova § 14 a
  • oppfølging og rettleiing av brukarar
  • samarbeid og kontakt med andre instansar i NAV
  • bidra til fagleg utvikling og kompetansedeling
  • delta i vaktordninga for drop-in-mottaket

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan jus eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller kompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • god digital kompetanse

Det er ein fordel om du har

  • erfaring med saksbehandling
  • erfaring med oppfølging og rettleiing av brukarar

Kven er du?

  • du er løysingsorientert og har god evne til å gjere faglege vurderingar
  • du møter ulike menneske på ein trygg, respektfull og profesjonell måte, også når situasjonen er krevjande
  • du arbeider strukturert og held oversikt i ein travel arbeidskvardag
  • du klarer å omstille deg mellom ulike oppgåver, situasjonar og menneske

Kvifor velje oss?

  • meiningsfylt oppgåver innenfor eit viktig samfunnsområde
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • stilling som rettleiar i stillingskode 1434, med lønnsspenn frå kr. 639.000 til kr. 660.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Nina Susanne Andersen, Nav leiar, 971 69 980, nina.andersen@nav.no

Arbeidssted

Grønamyrvegen 18
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5194472860
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026

Kontaktpersoner
Nina Susanne Andersen
Nav leiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter