Vikariat som avdelingsleiar
Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv?
Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye vikarierende avdelingsleiaren vi ser etter til Nav Øygarden si avdeling Ung.
Å få fleire unge i arbeid og utdanning er eit av Nav viktigaste samfunnsoppdrag og avdeling Ung har ansvar for å gje helskapeleg oppfølging til ungdom opptil 30 år.
Som avdelingsleiar får du ansvar for 20 fagleg dyktige tilsette med tilsettingsforhold både i stat og kommune. Bemanninga består av både ungdomsrettleiarer og jobbspesialistar. Stillinga er mellombels med oppstart snarast og varigheit fram til 30.06.27. Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariatet.
Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.
Nav Øygarden har flotte kontorlokale sentralt plassert på Straume, og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 80 tilsette.
Kva går jobben ut på?
- leie og utvikle avdelinga i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål
- personalansvar for avdelinga sine tilsette
- følge opp resultat og legge til rette for kontinuerleg forbetring
- etablere og videreutvikle samarbeid med relevante kommunale tenester og andre samarbeidspartar
- vere ein aktiv medspelar i leiarteamet i kontoret og bidra til heilskaplege løysingar for brukarane
- bidra til å bygge felles kultur, styrke medarbeidarskap og vidareutvikle tillitsbasert leiing
- Sidan Nav er i kontinuerlig utvikling kan det skje endringar i arbeidsoppgåver og ansvar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- leiarerfaring med personalansvar
- forståing av leiing i staten og Nav sitt samfunnsoppdrag
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Det er ein fordel om du har
- god kjennskap til tenestene til Nav
- erfaring frå tenesteutvikling
- erfaring frå relevante kommunale tenester
Kven er du?
- du er samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for medarbeidarane dine
- du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- du er nytenkande, fleksibel og tek ansvar for eiga fagleg utvikling
- du er god på samarbeid og bygger gode relasjonar internt og eksternt
Kvifor velje oss?
- ei meiningsfull leiarrolle i eit viktig samfunnsoppdrag
- eit sterkt og kompetent fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- stilling som avdelingsleiar i stillingskode 1407, med lønnsspenn frå kr. 800 000 til kr. 850 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Nina Andersen, Nav Leiar, 971 69 980, nina.andersen@nav.noArbeidssted
Grønamyrvegen 185353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5187611390
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026