Vikariat rettleiar

Stilling
Vikariat rettleiar
Lokasjon
Sandane
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Er du opptatt av å sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og ønskjer å hjelpe menneske vidare mot arbeid og aktivitet? Då kan dette vere stillinga for deg.
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombels stilling frå 01.01.2027 og fram til 31.08.2027. Oppmøtestad er Sandane.

Dette er ei spennande og variert stilling med to hovudområde:
50 % oppfølging av ungdom under 30 år som del av ungdomsgarantien, uavhengig av kva yting dei mottek.
50 % oppfølging av personar over 30 år med helseutfordringar, særleg innan sjukefråværsoppfølging og arbeidsavklaringspengar (AAP).

Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar tett på menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som kvar dag arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet.


Kva går jobben ut på?

  • følgje opp og rettleie personar mot arbeid, utdanning eller annan aktivitet
  • kartleggje ressursar, arbeidsevne, interesser og moglegheiter saman med den enkelte
  • motivere og støtte brukarar i endrings- og utviklingsprosessar
  • samarbeide med arbeidsgjevarar, helsevesen, utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar
  • bidra til gode og heilskaplege løysingar som styrkjer moglegheitene for arbeid og aktivitet
  • forvalte aktuelle ytingar og verkemiddel i tråd med gjeldande regelverk
  • følgje opp ungdom omfatta av ungdomsgarantien

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • gode digitale ferdigheiter og interesse for ny teknologi

Det er ein fordel om du har

  • erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i krevjande livssituasjonar
  • kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og verkemiddelapparat
  • kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
  • erfaring frå samarbeid med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar
  • førarkort klasse B

Kven er du?

  • trur på at alle menneske har ressursar og moglegheiter til å delta i arbeid eller aktivitet
  • møter menneske i ulike livssituasjonar med respekt, engasjement og profesjonalitet
  • er god til å skape relasjonar, motivere andre og byggje tillit
  • arbeider strukturert og målretta, også når du har fleire oppgåver samtidig
  • samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar

Kvifor velje oss?

  • ein meiningsfull jobb der du bidreg til at fleire kjem i arbeid og aktivitet
  • varierte arbeidsoppgåver innan både ungdomsoppfølging og arbeid-/helsefeltet
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • lønn som rådgivar (kode 1434) frå kr 639 000 til 650 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

    Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Kari Tonning, Avdelingsleiar, 45233070, kari.tonning@nav.no

Arbeidssted

Gotevegen 68
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5201983596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner
Kari Tonning
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter