Rådgjevar
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig eit vikariat i 100% stilling som rådgjevar på fagområdet rørsle/bustad. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Arbeidsoppgåver
- rettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartar om rørslehjelpemiddel
- formidle rørslehjelpemiddel
- gi råd, greie ut og formidle hjelpemidlar i bustad, hovudsakleg fastmontert utstyr
- halde kurs for brukarar og samarbeidspartar
- samarbeide tverrfagleg og tverretatleg
- reise ut på synfaring og utprøving
- hente inn pristilbod, registrering og dokumentasjon
- delta i nasjonale arbeidsgrupper og utviklingsarbeid
- planlegge og arrangere aktivitetsdagar- sommar og vinter
Vi tek atterhald om endring av arbeidsoppgåver og ansvarsforhold.
Kvalifikasjonar
- bachelor i fysioterapi eller ergoterapi
- førerkort klasse B
- god digital kompetanse
- skrive og snakke godt norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er fleksibel og klarer å arbeide sjølvstendig. Det er viktig at du er god på å bygge relasjonar og å sjå løysingar for brukarane/innbyggjarane.Arbeidsoppgåvene famnar over eit vidt spekter, du må difor ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert. Vi arbeider i tverrfaglege team og du må like å samarbeide med andre. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar.
Vi tilbyr
- meiningsfulle og spanande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- triveleg miljø og kjekke kollegaer
- fleksitidsordning
- lønn som rådgjevar, kr 639 000,- - 680 000,-
- pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse( 2% av bruttolønna vert trekt)
- for særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgre lønn vurderast
Kontaktinformasjon
Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828Inger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95235287
Arbeidssted
Steinavegen 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5187296210
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 13.10.2026