Rettleiar

Stilling
Rettleiar
Lokasjon
Ulset
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga til Nav Bergen nord.

Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske som er i ein krevjande situasjon og treng bistand. Er du ein person med pågangsmot og engasjement som ønsker å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Blir du motivert av å sjå andre løyse sine utfordringar og lykkast med sine planar i eige liv? Då kan du vere den vi ser etter!

Nav Bergen nord har ledig fast stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga der oppgåvane er å følge opp arbeidssøkarar og personar som av ulike grunnar har nedsett arbeidsevne. Kontoret har ca. 130 kommunalt og statlege tilsette og gjev tenester til bydelane Arna og Åsane med til saman ca. 55 000 innbyggarar. Vi har sentrale kontorlokaler i Thon senter Åsane.


Kva går jobben ut på?

  • Individuell oppfølging av ungdom. Det vil sei kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte ungdom sin kompetanse og mogelegheit til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet
  • Vurdere tiltak i samråd med ungdom for å nå målet om arbeid eller utdanning
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar
  • Leie møter og legge til rette for gode prosessar for ungdom saman med samarbeidspartar
  • Følge opp den enkelte arbeidsgivar og ungdom på arbeidsplassen
  • Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning, tiltaksforskrifta og anna relevant lovverk
  • Bruk av digitale verktøy og fagsystem 

Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god kjennskap til bruk av digitale verktøy i arbeidet
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsferdigheiter på norsk
  • erfaring med å rettleie eller gje råd til personar i ulike situasjonar
     

Det er ønskeleg at du har

  • relevant erfaring med å bistå arbeidssøkarar ut i jobb
  • erfaring med å jobbe tverrfagleg
  • kunnskap om arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sitt behov
  • kunnskap om utdanningsmoglegheiter
  • kunnskap om lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta

Kva vi ser etter hos deg?

  • Har gode samarbeidsevner 
  • Har evne til å motivere og skape gode relasjonar
  • Er strukturert og har god arbeidskapasitet
  • Jobbar sjølvstendig
  • Er fleksibel og løysingsorientert og som kan håndtere det uforutsette i arbeidskvardagen

Kvifor velje oss?

  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde 
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer  
  • relevant opplæring og gode høve til utvikling  
  • fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
  • løn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 639 000 - 661 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Jorunn Vaaland, Avdelingsleiar, 404 51 872, jorunn.vaaland@nav.no

Arbeidsstad

Åsane Senter 19
5116 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5211084941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktpersoner
Jorunn Vaaland
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter