Rettleiar 

Stilling
Rettleiar
Lokasjon
Kleppestø
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy!

Nav Askøy har to ledige faste stillingar som rettleiarar, ei i avdeling Arbeidsliv og ei i avdeling Tenesteavklaring og forvaltning. Begge stillingane inneber oppfølging av brukarar over 30 år etter regelverk for sjukepengar og arbeidsavklaringspengar.

Den eine stillinga er organisert i vårt sjukefråværsteam, med oppfølging av brukarar med mål om å behalde sitt arbeid.
Den andre stillinga er organisert i vårt arbeidsavklaringsteam, med oppfølging av brukarar med arbeidsavklaringspengar som enno ikkje er klar for arbeid.

På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vi held til i nye, aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy.  Vi er 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar.

Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. 


Kva går jobben ut på?

  • følge opp, kartlegge, rettleie og motivere brukarar, med helsemessige eller sosiale utfordringar, som treng bistand til å kome i arbeid eller arbeidsretta aktivitet
  • sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta
  • vurdering av brukarar sine behov og arbeidsevne
  • samarbeid med helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre aktuelle samarbeidspartar

Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske
  • erfaring frå sakshandsaming i offentleg forvaltning
  • gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg
  • erfaring frå bruk av digitale arbeidsverktøy i arbeidet 

Det er ein fordel om du har

  • god kjennskap til samfunnsoppdraget og tenestene til Nav
  • erfaring frå arbeidsretta rettleiing eller rekruttering
  • erfaring frå motivasjonsarbeid

Kven er du?

  •  er løysingsdyktig og har gode samarbeidsevner
  • har god relasjonskompetanse
  • har god evne til å arbeide sjølvstendig
  • arbeider nøyaktig, strukturert og systematisk
  • har høg arbeidskapasitet og god evne til å jobbe under press 

Kvifor velje oss?

  • ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdrag
  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • stillingskode 1434 som rådgivar i lønsspenn frå kr 640 000 til kr 680 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 

    Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Sofie Overgaard, Avdelingsleiar Tenesteavklaring og forvaltning, 471 78 737, sofie.overgaard@nav.no
Monica Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Arbeidsliv, 986 05 892, monica.sandsta.hansen@nav.no

Arbeidssted

Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5193938174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026

Kontaktpersoner
Monica Sandstå Hansen
Avdelingsleiar Arbeidsliv
Sofie Overgaard
Avdelingsleiar Tenesteavklaring og forvaltning
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter