Vil du hjelpe menneske med helseutfordringar vidare mot arbeid og utdanning?
I Nav Nordhordland møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til meistring, inkludering og betre livskvalitet. Kvar dag arbeider vi for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.
No søkjer vi ein rådgjevar som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen mot arbeid og utdanning.
Om stillinga
Som rådgjevar hos oss arbeider du med arbeidsretta oppfølging av personar som har helseutfordringar. Du følgjer opp brukarar både digitalt og fysisk, jobbar systematisk mot arbeid eller utdanning og samarbeider tett med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar. Stillinga inneber også saksbehandling etter relevant lovverk. Stillinga har ansvar for oppfølging av brukarar i heile regionen. Primær arbeidsstad er Nav Alver i Knarvik, men det må også påreknast arbeidsdagar ved Nav Fensfjorden og Nav Osterøy.
Kvifor jobbe hos oss?
Nav Alver er eit utviklingsorientert kontor med 80 medarbeidarar i fire fagavdelingar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer som deler kompetanse, samarbeider tett på tvers av fagområde og er opptekne av å finne gode løysingar for innbyggjarane våre. Lokala våre i Knarvik senter er lyse og trivelege, og legg til rette for ein variert arbeidskvardag i møte med menneske med ulike behov og bakgrunnar.
Kva skal du jobbe med?
- følgje opp og avklare brukarar gjennom digitale og fysiske møter
- kartleggje ressursar, moglegheiter og behov knytt til arbeid og utdanning
- motivere og støtte brukarane på vegen mot arbeid og/eller utdanning
- dialog og samarbeid med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar
- saksbehandling i tråd med gjeldande lovverk
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan helsefag, sosialfag eller juridiske fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring med rettleiing og motivasjonsarbeid
- erfaring med saksbehandling etter lovverk
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse og erfaring med digitale arbeidsverktøy
- god forståing for Nav sitt samfunnsoppdrag
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå oppfølgingsarbeid, arbeidsretta oppfølging eller liknande
- kjennskap til arbeidsmarknaden og samarbeid med arbeidsgivarar
Kva vi ser etter hos deg?
- skapar tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar
- handterer krevjande situasjonar på ein profesjonell måte
- arbeider strukturert, tek sjølvstendige vurderingar og prioriterer oppgåver
- er endringsvillig og bidreg aktivt til samarbeid og fagleg utvikling
Kvifor velje oss?
- ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- stillinga vert plassert i stillingskode 1434 rådgjevar. Lønnspennet er frå kr. 639 000 til kr. 660 000. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Inger Lise Brekke, Avdelingsleiar, 91724947, Inger.Lise.Brekke@nav.noArbeidssted
Kvernhushaugane 25914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5178099685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026