Etablert
1914
NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE
Naturvernforbundet er Noreg sin største natur- og miljøvernorganisasjon, og har omlag 40 000 medlemmar. Vi står på for miljøet for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har hatt stor medlemsvekst den siste tida, dei nye medlemmane må vi ta vare på og engasjere til kamp for naturen. I Sogn og Fjordane arbeider vi mykje med å hindre naturtap som er planlagd og skjer, i form av utbygging av industri og næring i sårbare og unike naturområder. Vi jobbar med rydding av søppel og spreiing av kunnskap, i form av mindre og større ryddeaksjonar, arrangement med debatt og foredrag og turar med fagleg innhald, eller berre for å oppleve rein naturglede!
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.