Resepsjonist (deltid) - MOVA Stord

Stilling
Resepsjonist (deltid) - MOVA Stord
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. okt.
Få påminnelse
27 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

MOVA AS

Frist 05.10.2026

Ansettelsesform Fast

MOVA Stord søkjer positiv og serviceorientert resepsjonist/medlemsrådgjevar i deltidsstilling. Dette er rolla for deg som er glad i menneske, trivst i eit sosialt miljø og ønskjer å bidra til at medlemene våre får ei fantastisk oppleving -- kvar einaste dag.

Vi brenn for å skape eit lokalt treningssenter der folk kjenner seg heime. No ønskjer vi å styrkje resepsjonsteamet vårt med nye kollegaer som både tek ansvar og spreier energi i kvardagen.

Kva inneber rolla?

Som medlemsrådgjevar/resepsjonist blir du ein nøkkelperson på senteret og jobbar tett med både medlemer og kollegaer. Du vil mellom anna:

  • Ta imot medlemmer og skape ein imøtekomande atmosfære
  • Handtere kundebehandling og medlemsservice
  • Halde orden og sørgje for eit ryddig og triveleg senter
  • Utføre lett reinhald og bidra til at senteret alltid ser bra ut
  • Bruke digitale system og medlemssystem

Kort sagt: Du sørgjer for at medlemene våre får lyst til å kome tilbake igjen og igjen.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceorientert, sosial og genuint interessert i menneske
  • Trivst med høgt tempo og likar å ta initiativ
  • Er ansvarsfull, sjølvstendig og glad i å skape gode opplevingar
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Tek nye digitale system raskt i bruk
  • Er 18 år eller eldre
  • Har erfaring frå servicebransjen -- ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar veg tungt. Vi leitar etter rett person, ikkje den perfekte CV-en.

Arbeidstid

Formiddag, kveld og helg.

Kva tilbyr vi?

Hos MOVA får du ikkje berre ein jobb -- du får eit team, eit miljø og gode moglegheiter:

  • Gratis treningsmedlemskap hos MOVA
  • Gode rabattar for næraste familie
  • Moglegheiter for karriereutvikling i ei kjede i sterk vekst
  • Eit energisk og inkluderande arbeidsmiljø
  • Eit stort og veldrive treningssenter med mange hyggelege kollegaer og ein stor medlemsmasse
Om MOVA

MOVA er ei treningssenterkjede med over 90 senter i Sør-Noreg og meir enn 90 000 medlemmer. Vi arbeider for å vere det lokale treningssenteret i kvart nærmiljø -- ein sosial møtestad der treningsglede, rørsle og meistring står i sentrum.

Med over 1200 tilsette , inkludert meir enn 200 trenarar, tilbyr vi personleg trening, gruppetimar, eigne konsept og helserelaterte aktivitetar. Målet vårt er enkelt: Å gjere det lettare for folk å leve eit sunnare og betre liv.

Høyrast dette ut som noko for deg?

Vi vil gjerne høyre frå deg!

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter