Er du interessert i eigedom og kart, og likar varierte oppgåver?

Stilling
Overingeniør/teknisk utgreiar
Lokasjon
Surnadal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. nov.
Få påminnelse
31 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Noregs domstolar er den tredje statsmakt og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunnet. 

Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som overingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vere interessant for deg.

Møre og Romsdal jordskifterett er ein av landets største jordskifterettar og har i dag 19 tilsette fordelt på tre rettsstadar (Ørsta, Molde og Surnadal). Vi har ledig ei fast 100% stilling som overingeniør/teknisk utgreiar for ein dyktig og engasjert kandidat. Nyutdanna kandidatar er særleg velkomne til å søkje.     

 Jordskiftesoknet omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Rindal kommune i Trøndelag. Arbeidsplassen for denne stillinga er Surnadal.

På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre kollegaer i jordskiftedomstolane presenterer stillingane sine.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene i stillinga er teknisk saksførebuing og teknisk gjennomføring av saker domstolen har til behandling. Oppgåvene omfattar mellom anna:

  • saksførebuing, planlegging og utgreiing av sakene i samarbeid med dommar
  • innmåling, utsetting, merking av grenser og utarbeiding av grensebeskriving
  • GIS-arbeid og utarbeiding av digitale kart
  • delta på rettsmøte saman med dommar
  • leie og gjennomføre befaring og teknisk arbeid i felt
  • verdsetje og bonitere areal
  • droneopptak

Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter dine kvalifikasjonar. Ved særskilt kompetanse kan det også vere aktuelt å gjennomføre rettsmekling.

Stillinga medfører noko reiseaktivitet og du må rekne med å delta i saksarbeid ved alle rettsstadane i domstolen. Domstolen har eigen tenestebil som ein disponerer ved feltarbeid. Det er eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle vert gitt etter Staten sitt regulativ.   

Faglege kvalifikasjonar  

Vi krev i utgangspunktet at du har 3-årig høgskuleutdanning innan landmåling og eigedomsdesign. Anna relevant utdanning kan også vere aktuell, særleg utdanning innan fagfelta GIS, landmåling, kartfag, eigedomsfag tingsrett eller skogfag.

Du må dessuten ha

  • god forståing i landmåling, GIS, tingsrett og eigedomsfag
  • evne og interesse for rettsmekling
  • gode ferdigheiter bruk av i digitale verktøy

Vi arbeider kontinuerleg med forbetring av domstolen sine digitale løysingar og rutinar. Du vil få moglegheit til å vere bidragsytar i dette arbeidet.
Vi føreset at du kan kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk, og at du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte.

Det er ein fordel med

  • kunnskap innan jordskifte og rettsprosess
  • erfaring i bruk av GNSS-utstyr til RTK-måling og GIS-verktøy (ArcGis) som blir nytta av jordskifterettane

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du kan arbeide sjølvstendig, er allsidig og lærevillig.
  • Du kan yte service og opptre på ein objektiv og kontakt- og tillitsskapande måte overfor partane i jordskiftesakene.  

Inngåande menneskekunnskap og ein god dose nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane du vil jobbe med er sjølvprosederande, noko som krev ekstra rettleiing og folkeleg språk.

Stillinga medfører feltarbeid, som også betyr at det kan bli nokre lange dagar til dels i krevjande terreng. Dette føreset at du har normalt god fysisk helse.

Vi tilbyr

I tillegg til samfunnsoppdraget vil du få ein jobb som er variert nok til at du kan bruke innesko, støvlar, ein pen genser/skjorte og allværsjakka på éin og same dag.
Stillinga inneber:

  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
  • du vil lære mykje nytt! Vi er opptatt av å utvikle di kompetanse
  • nasjonale og regionale fagsamlingar og godt nettverk
  • bruk av nytt teknisk utstyr
  • fleksible ordningar for fri, avspasering og moglegheit for trening i arbeidstida
  • tittel overingeniør og lønn etter Hovudtariffavtalane i staten med konkurransedyktige vilkår
  • gode vilkår i Statens pensjonskasse
  • trygg arbeidsplass innanfor statens rammer og avtaleverk

Deler av arbeidet føregår på kontoret og andre delar i storslått naturomgjevnader. Her er det svært gode moglegheiter til utøving av friluftsliv, jakt og fiske på fritida.

Kontaktinformasjon

Asbjørn Rogne, Jordskifterettsleder, +(47) 97694840, asbjorn.rogne@domstol.no

Arbeidssted

Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal jordskifterett

Referansenr.: 5197475596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026

Kontaktpersoner
Asbjørn Rogne
Jordskifterettsleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter