Tannlege ved Molde kompetanseklinikk (vikariat)
Stilling
Tannlege ved Molde kompetanseklinikk (vikariat)
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Molde?
- Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
- Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
- Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
- Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.
Vi har ledig vikariat ut 2027 i 100% stilling som tannlege ved Molde kompetanseklinikk.
Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO.
Les meir om Molde her: Visit Molde
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
- Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- trivst med å jobbe med og for menneske
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Ny og moderne tannklinikk
- Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190
Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 66412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5199739747
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.11.2026
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.