Rådgivar/spesialkonsulent bibliotekutvikling
Vil du vere med å utvikle framtidas bibliotek i Møre og Romsdal?
Biblioteka er viktige møteplassar for læring, leseglede, deltaking og fellesskap. Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til eittårig vikariat med snarlig tiltreding. Her får du vere med på å styrke bibliotektilbodet i fylket. Stillinga omfattar regionale utviklingsoppgåver, fagleg rådgiving til kommunane, prosjektleiing, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Du vil leie og delta i utviklingsprosjekt, planlegge og gjennomføre møte, kurs og andre kompetansehevande tiltak, og bidra i regionale og nasjonale satsingar. Gjennom samarbeid med folke- og skulebibliotek, kommunar og nasjonale fagmiljø skal du bidra til å utvikle biblioteka som relevante og inkluderande samfunnsarenaer for innbyggjarane i heile fylket.
Du kan ha arbeidsplassen din i Kristiansund, Molde eller Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre prosjektet «Boklek»
- Koordinere dei regionale satsingane:
- Tøyveskebibliotek
- 100 bøker før du er 6
- Sommarles
- Bidra inn i satsing på Skaperverkstad i biblioteka
- Planlegge og gjennomføre kommunebesøk
- Planlegge og gjennomføre biblioteksjefmøte, kurs- og kompetansehevande tiltak for skole- og folkebiblioteka
- Delta i regionale- og nasjonale nettverk, som for eksempel «Spel i biblioteka» og "Demensvennlege bibliotek"
- Bidra inn i nasjonale og regionale satsingar som Ibsen 200, Norge i 1000 år - Valldal 2029 eller andre verdiskapingsprogram.
- Andre oppgåver etter behov i avdelinga
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning, minimum bachelor, innan bibliotekfag, humaniora eller kulturfag
Det er ønskeleg med
- erfaring frå bibliotek
- god digital kompetanse og interesse for digital formidling
- erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Vi oppmodar nyutdanna om å søke!
Personlege eigenskapar
- Du er
- sjølvstendig og tek initiativ
- løysingsorientert og evner å prioritere
- ein lagspelar og gjennomførar
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- eit spennande arbeidsmiljø med kolleger med ulik utdanning og kompetanse innan kunst og kultur.
- god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Elin Kanck Lorentzen, Seksjonsleiar kultur, idrett og bibliotek, +47 99027502, elin.kanck.lorentzen@mrfylke.noMona Iren Auganæs, Fylkesbiblioteksjef, +47 91632105, mona.iren.auganes@mrfylke.no
Arbeidssted
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5198890087
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.11.2026