Rådgivar inntak
Stilling
Rådgivar inntak
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med og forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal?
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei fast 100% stilling ved seksjon for inntak i kompetanse- og næringsavdelinga. Hos oss får du vere med på å forme framtidas vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal og bidra til utviklinga av opplæringstilboda i fylket.
Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna jobbe med:
- saksbehandling knytt til inntak til vidaregåande opplæring, inkludert vurdering av søkarrettar og godkjenning av utanlandsk utdanning
- rettleiing og informasjonsarbeid overfor søkarar, føresette, skolar og samarbeidspartar
- arbeid med regelverk, faglege vurderingar og vidareutvikling av rutinar og arbeidsprosessar
- planlegging og koordinering av opplæringstilbod i samarbeid med kommunar, skolar og andre relevante aktørar
Andre oppgåver kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
- høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent
- erfaring med saksbehandling og forvaltningsarbeid, gjerne fra opplærings- eller utdanningssektoren
- erfaring med å tolke og nytte lov- og regelverk i praktisk arbeid
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå arbeid med inntak til vidaregåande opplæring
- erfaring med vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning
- kjennskap til opplæringslova og tilhøyrande regelverk
- erfaring med arbeid i offentleg sektor
Personlege eigenskapar
For å lukkast i stillinga tror vi du:
- trivast i samarbeid med andre og er god til å utvikle relasjonar og nettverk
- kommunisere godt og evner å tilpasse informasjon til ulike målgrupper
- har eit kritisk blikk på etablerte arbeidsmåter og kan bidra til forbetring og omstilling
- trivast med varierte arbeidsdagar og periodar med høgt arbeidstempo
- likar å ta initiativ og bidrar til kunnskapsdeling
Vi tilbyr
- ei spennande og meiningsfull stilling i eit sterkt fagmiljø
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- god moglegheiter for faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Maria Enstad, Seksjonsleder inntak , +4799511076, maria.enstad@mrfylke.noArbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5190473841
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026
Kontaktpersoner
Maria Enstad
Seksjonsleder inntak
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.