Prosjektøkonom

Stilling
Prosjektøkonom
Lokasjon
Ålesund, Kristiansund N, Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søker etter prosjektøkonom til eit årsvikariat. Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Prosjektorganisasjonen har ei variert portefølje. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Remøybrua, Åndalsnes bru og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen. 

Du vil inngå i eit team med blant anna prosjektleiarar og byggeleiarar, og du rapporterer til prosjektsjefen som vil styre på porteføljenivå.

Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. 

Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. 
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av  
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier. 


Arbeidsoppgåver

Som prosjektøkonom hos oss vil du: 

Jobbe med koordinering og støtte til prosjektsjef, prosjektleiarar og byggeleiar i: 

  • økonomistyring i små og store vegprosjekt 
  • budsjett og prognoser 
  • rapportering (månadsrapportering og årsrapportering) 
  • bevilningsrapportering 
  • Vere rådgjevar og drive kvalitetssikring av økonomiske data (inkl. controlleroppgåver). 
  • Bidra til utvikling av fagområdet, herunder vidareutvikling av styringsinformasjon og rapportering. 

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har: 

Bachelor eller master i økonomi (min. 3-årig utdanning frå universitet, høgskule eller liknande). Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet. 

Erfaring med økonomiarbeid innanfor bygg og anlegg er ein fordel 

Personlege eigenskapar

- Vilje og evne til å samarbeide med, og involvere interne og eksterne partar. 
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg 
- Du er utviklings- og løysningsorientert 
- Arbeide nøyaktig og målretta. 
- Sjå behov og ta ansvar.

Vi tilbyr

- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Ole Jan Tønnesen, Fylkesvegsjef, 92029592, ole.jan.tonnesen@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5206062390
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktpersoner
Ole Jan Tønnesen
Fylkesvegsjef
Torbjørn Vatnehol
Prosjektsjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter