Prosjektleiar vegprosjekt

Stilling
Prosjektleiar vegprosjekt
Lokasjon
Kristiansund N, Molde, Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
09. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket 

Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.  

Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.  Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.  

Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.  

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av   
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor  prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.  


Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du: 

Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet 

Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering. 

Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet. 

Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling. 

Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen. 

Kvalifikasjonar


Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag 

Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning 

Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg 

Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel

God kjennskap til digitale verktøy 

Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar


Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar. 

Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg 

Du er utviklings- og løysningsorientert 

Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar 

Vi tilbyr

Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø 
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling 
Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring 
Løn etter avtale 

Kontaktinformasjon

Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Ole Jan Tønnesen, Fylkesvegsjef, 92029592, ole.jan.tonnesen@mrfylke.no

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5195085782
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026

Kontaktpersoner
Ole Jan Tønnesen
Fylkesvegsjef
Torbjørn Vatnehol
Prosjektsjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter