Prosjektleiar vegprosjekt

Stilling
Prosjektleiar vegprosjekt
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
09. nov.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket

Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.

Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard -- Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du:

Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet

Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering.

Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.

Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling.

Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen.

Kvalifikasjonar

Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag

Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning

Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg

Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel

God kjennskap til digitale verktøy

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.

Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg

Du er utviklings- og løysningsorientert

Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar

Vi tilbyr

Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
Løn etter avtale

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter