Faglærar, Restaurant og matfag

Stilling
Faglærar, Restaurant og matfag
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. nov.
Få påminnelse
10 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du lyst til å undervise ved ein av dei største og mest moderne vidaregåande skulane i fylket?

Ønskjer du å vere ein del av eit engasjert fagmiljø som samarbeider tett for å gi elevane meistring og motivasjon for å bli yrkesklar?

Då kan du vere den læraren vi ser etter.
 
Borgund vidaregåande skole har ledig 100 % fast stilling som faglærar i Restaurant- og matfag frå 01.03.27, eller etter avtale.

 


Arbeidsoppgåver

Som lærar i Restaurant- og matfag vil du:

Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanane
Vurdere elevar sitt arbeid og gi tilbakemeldingar som fremjar læring og utvikling
Samarbeide med arbeidslivet og følgje opp elevar i praksis
Bidra i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Vere ein aktiv del av eit lærarkollegium som legg vekt på samarbeid og deling av erfaringar

 

Kvalifikasjonar

Har undervisningskompetanse innan Restaurant- og matfag
Har fagbrev innan eitt eller fleire av matfaga
Har god digital kompetanse og kan nytte IKT som ein naturleg del av undervisninga
Relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning (PPU-Y, Yrkesfaglærarutdanning (YFL) eller tilsvarande) er ein føresetnad for fast tilsetjing.
Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein medarbeider som:

Har gode samarbeidsevner og trivst med å lære saman med andre
Byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer
Ser og følgjer opp den enkelte elev
Trivst i arbeid med ungdom
Er tålmodig, positiv og raus
Er engasjert i faget sitt og ønskjer å bidra til eit godt læringsmiljø

Vi tilbyr

Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
Moderne fasilitetar og godt utstyrte undervisningslokale
Engasjerte kollegaer og tett samarbeid i avdelinga
Moglegheiter for fagleg utvikling
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med på å forme framtida til ungdomane våre
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.Bli med og inspirer morgondagens fagarbeidarar i restaurant- og matbransjen!

Anna:
 Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
 Den som blir tilsett må levere politiattest.

Kontaktinformasjon

Sissel Brennholm, Fagleiar Restaurant og matfag/kantina, 93202318
Roger Fylling, Rektor, 93441678

Arbeidsstad

Yrkesskolevegen 20
6011 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5207675465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktpersoner
Roger Fylling
Rektor
Sissel Brennholm
Fagleiar Restaurant og matfag/kantina
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter