Mo oppvekstsenter
Einingsleiar er Linda Aasbø Kvande. Ho er også styrar i barnehagen.
Skulen
Mo skule ligg fint plassert mellom åker og eng ca.15 km nord for Skei sentrum, på same område som Mo barnehage.
Skulen er ein del av Mo oppvekstsenter og har ca 35 elevar frå 1.-7. trinn.
Barnehagen
Barnehagen ligg vegg i vegg med skulen og er ein del av Mo oppvekstsenter. Vi har ei småbarnsavdeling med 9 plassar i alderen 0-3 år og ei storbarnsavdeling med 18 plassar i alderen 3-6 år.
Oppvekstsenteret er omkransa av flotte friområde, med gangavstand til elv og skog. Vi har eit friluftsområde som vert flittig bruka til turar. Samstundes brukar vi nærmiljøet vårt aktivt gjennom året.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.