Vikariat som rådgjevar i seksjon for klimakvoteregisteret og skipsfart
Om stillinga
Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Vil du bidra til at viktige klimatiltak og verkemiddel blir følgde opp på ein god måte? Har du lyst til å jobbe med EU sitt klimakvotesystem for skipsfart i Noreg? Er du og interessert i maritim sektor, kan dette vere stillinga for deg.
Klimakvotesystemet er ein av hjørnesteinane i klimapolitikken til både EU og Noreg. I denne stillinga får du vere med på å utvikle og forvalte klimakvoteregelverket for maritim transport i Noreg. Du vil følgje opp EU-regelverk og få innsikt i teknologiutviklinga i maritim sektor. Arbeidskvardagen vil vere variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert miljø.
Seksjon for klimakvoteregisteret og skipsfart (KKS) er éin av sju seksjonar i klimaavdelinga og éin av tre seksjonar som arbeider med EUs kvotesystem. Arbeid med kvotesystemet krev tett samarbeid på tvers av avdelinga.
Stillinga har arbeidsplass på kontoret vårt sentralt på Helsfyr i Oslo.
Stillinga er eit vikariat på eitt år.
Dette skal du jobbe med
- utvikle forvaltningspraksis for maritim transport i EU sitt klimakvotesystem, mellom anna gjennom samarbeid med EU-kommisjonen
- setje i verk, forvalte og handheve regelverk på klimaområdet
- følgje opp rapportering og rettleie skipsoperatørar
- samarbeide med eksterne aktørar
For å kunne gjere denne jobben må du
- ha fullført utdanning på mastergradnivå. Teknologiske, naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fag kan vere relevante.
- ha noko relevant arbeidserfaring
- ha erfaring med regelverksarbeid, kontroll, handheving eller utøving av offentleg myndigheit
- skrive og kommunisere godt på norsk og engelsk.
Det er ein fordel om du har kunnskap om maritim sektor eller erfaring med klimaarbeid frå industri, luftfart eller skipsfart.
og vere ein person som
- er analytisk, strukturert og nøyaktig, med evne til å sjå samanhengar og heilskapen
- handterer fleire oppgåver samtidig og trivst med eit tidvis høgt arbeidstempo
- sikrar framdrift, er løysingsorientert og leverer resultat til rett tid
- er komfortabel med å utøve offentleg myndigheit og med oppgåver som inneber forvaltning av regelverk
- trivst både med å jobbe sjølvstendig og saman med andre
- er god på å etablere og halde ved lag gode relasjonar.
Vi tilbyr
- eit eittårig vikariat som rådgjevar, med lønn frå kr 600 000 til kr 740 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
- spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- moderne kontorfasilitetar og moglegheit for avtale om heimekontor
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse.
Spørsmål om stillinga og korleis du søkjer
Har du spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du kontakte seksjonsleiar Herdis Laupsa på e-post herdis.laupsa@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 80-2026 KKS når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Der svarar du på norsk på spørsmål knytte til interessa di for og kompetansen din til stillinga. Du skal ikkje skrive ein tradisjonell søknad. Legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.