Vikariat, fagarbeider 58% på Rubinstep
Velkomen til Gvarv skule, avdeling Rubinstep.
Rubinstep er ein forsterka eining med skule- og SFO-tilbod for barn med ulike funksjonsvariasjonar i Midt-Telemark kommune.
Rubinstep er eit tilbod for grunnskuleelevar (1.-7. trinn) som har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. Elevane på Rubinstep har ulike funksjonsvariasjonar og har behov for tettare oppfølging i kvardagen sin. På bakgrunn av dette treng dei eit strukturert skuletilbod som tilpassast individuelt til kvar enkelt elev! Elevane som har sitt skoletilbod knytt til Rubinstep har også tilhøyring i ein ordinær klasse ved skulen og deltar i klassen i varierande grad etter føresetnader og behov.
Det skal arbeidast kontinuerleg med inkludering og dagleg samarbeid med elevane sine klassetrinn og SFO.
I tillegg har avdelinga eigne samlingar og aktivitetar, arbeidsøkter, fysisk aktivitet, ADL-trening og turar i nærmiljøet, m.m.
På Rubinstep arbeider vi i fagrupper rundt kvar enkelt elev (pedagog/spesialpedagog, primærkontakt og fagarbeider 1-2), der vi tar utgangspunkt i den enkelte elevs ressursar og moglegheiter. Det vil alltid arbeidast for å gi elevane best mogleg vilkår for optimal livskvalitet, kommunikasjon, samspel og deltaking i sitt eige liv.
Stillinga gjelder både SFO og skoledelen på Rubinstep, Gvarv skole.
Arbeidsoppgåver
På Rubinstep vil du møte følgende arbeidsoppgaver:
- Ansvar for samarbeid i elevenes faggruppe(r), både faglig og sosialt.
- Oppfølging av enkeltelev i skole og SFO, arbeide ut fra sakkyndig vurdering og IOP i samarbeid med pedagog, team og avdelingsleder.
- Veilede enkeltelever, familie og andre tilsette.
- Samarbeide med og veilede andre tilsette i faggruppa rundt elevane.
- Tilrettelegging av miljøet for å etablere gode og strukturerte opplæringssituasjonar.
- Delta i samarbeid med institusjonar og andre aktuelle instansar rundt elevane, også kontaktlærarar i elevane sine ordinære klasse og SFO.
- Utføre nødvendig pleie og stell.
- Arbeide etter SFO sin rammeplan.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeider / spesialpedagog
- Aktuell erfaring som assistent i skole /barnehage kan kompensere for utdanningskravet.
Ønska kompetanse
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
- Erfaring med ASK, tegn til tale
- Gode digitale ferdigheter
- Evt. anna relevant kompetanse
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som:
- Er engasjert, tålmodig og omsorgsfull, og trivst med å jobbe med menneske.
- Er god til å etablere nær tilknyting og trygg relasjon med barn.
- Er ein varm og sensitiv vaksen og likar å vere i leik og aktivitet uansett ver.
- Er synleg, tydeleg og motiverande for at elevane skal ha ei best mogleg kvardag.
- Ser elevane sitt behov, er kreativ, løysingsorientert og lojal.
- Ser kva som må gjerast og tar initiativ til å løyse ulike arbeidsoppgåver, både sjølvstendig og i team (faggruppe).
- Er open for læring, råd og rettleiing og bidrar aktivt med konstruktive innspel.
- Er motivert og engasjert når du er på jobb.
- Er fleksibel, presis og påliteleg. Må påberekne omdisponering til skule og SFO ved behov.
- Kan vere robust, og klare å stå i utfordrande situasjonar.
- Evne til å mestre ein hektisk kvardag.
- Aktiv og positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar vektlegast.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Cecilie Støa Andersen, Avdelingsleder SFO og Rubinstep, +47 97490759, cest24122@mt.kommune.noArbeidsstad
Tinghaugvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5198512452
Stillingsprosent: 58%
Vikar
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026